Blog 17

unntak.txt

her er ein gammal tekst eg hadde gløymt at eg skreiv, kan likesågodt berre publisera det her. Filen heit unntak.txt

"Du skjønner, Sebastian, da er dei dar'ane negerane i Sør Afrika, du kan honen meg ikkje finna vet i dei, vett du, dei kan til og med nesten ikkje snakka Engelsk!" sa pappa. Kvifor han ikkje kan venta med å seia det før han hadde tygd sursilda si ferdig, forstår ikkje eg.

Mumlande med mat i munnen, insisterte han på fortelja at "nei du Sebastian du skjønner, og la meg fortella deg detta, når eg va dar, og jau eg har faktisk vore dar, så va da inni honen meg koss dei har klart å øydeleggja landet. Nei altså, da e no slik da e. Eg gjekk dar, og guiden min, og ja vi måtte ha guide, han sa 'ju hæff tu hævv diss' og så ga han meg ein pistol. Ja, faktisk ein pistol."

"Nei, det var bare med kaiæn at du hadde på deg pistol, min kjære", sa ho mor, med kjærleg sarkasme på 'min kjære'. Pappa merka det tydlegvis ikkje, men begynte å smila og sa "jau, da va jo dar eg fekk halda pistolen ja, men da bety'kkje at resten a' landet e nåke betre. Eg va dar faktisk på nittitalet, du veit før alt da dar'e tudlet skjedde. Eg seia'kkje at da va bra dar, men du konde gå ut utan å bli rana iadlefadl."

"Ja," skaut ho mor inn "mænn om du skal være såå bastant, så må du skjønnæ at du må si alt til han Sebastian."

Før pappa kunne skyta noko nytt inn, måtte eg berre spørja han: "you pappa, I understand not completely why this is relevant. You talked about how it was at weddingthe, yeah? Sure enough, I know that it is bad that Josefine got robbed, that, but gotta we talk about this now?"

Eg såg pappa bli litt irritert, og ser leppene hans begynna å bevega seg. Verkar som det er lyd der óg, jau. "nei du skjønner" "nei eg må fortella deg" "nei altså da e no faktisk slik at". Skulle ynskja at eg kunne spela bingo med dette. Kryss, kryss, kryss, og sist ein bit eg ikkje ynskjer å kryssa.

"---nei du da dei gjorde med ho Josefine, du skjønner dei er ikkje som deg og meg o…" sa pappa før han forstod kva han nettop sa. "Nei sebastian, dei er ikkje som deg veit du, da e ikkje da eg prøver å seia, du er ikkje slik, du. Du er forskjelleg, du er---"