Prokrastinering
Så, om tematikken prokrastinering. Eg såg ein short for litt sidan (kanskje 10 min sidan), og no lurar eg på korleis eg skal leva livet mitt framover. Det er ikkje slik at det har skapt ein så stor endring i verdssynet mitt, faktisk så kan eg ikkje hugsa kva mesteparten av den sa. Det er nok litt av problemet. Eg blir i periodar hekta på ein av feedane som eg har tilgang til, enten det er youtube shorts, facebook reels, tiktok, osv.
Det er faktisk eit så stort problem at eg er viljug til å gje glipp av SoMe som øydeleggjer for meg. Eg sletta nett messenger på mobilen min, til tross for at messenger er eit must-have for organisasjonsfolk i Noreg. Eg skulle ynskja at det ikkje var slikt, og eg tek steg i kvardagen min for å få organisasjonane som eg er med i til å gjera ting på ein annan måte, men no i dag er det slik. Det må fortelja deg litt om kva eg vil gje glipp på, men likevel er det fortsatt ting som kan få meg i destruktive rutinar, rutinar som får meg over i prokrastinering.
Eg har mykje eg vil gjera, og mykje eg ikkje vil gjera, men eg ender opp med å gjera mykje av det eg ikkje vil gjera og frykter over at eg ikkje får gjort det eg vil gjera, sjølv når eg veit at det eg vil gjera er fult mogleg å få gjort.¹ Korleis skal eg skapa ein betre kvardag for meg? Korleis skal eg få gjort det eg vil? Eg vil utvikla meg sjølv, vera ein skapar,² leva ut og læra dei vakkre tinga med livet, men mobilen står i vegen for det.
Det må seiast, at det er ikkje slik at det er teknologi som sådan som er problemet, sjølv om det er lett å leggja skulda der. Eg skriv dette på ein Thinkpad T61 frå 2007 med defektivt batteri og lite kraft, men eg har aldri utforska tankane mine meir enn det eg har gjort no. Kveldane på rommet mitt framfor laptopen som ikkje har kraft til å gå på Facebook eller spela av ein youtube video har gjort at eg kan gå i skrivinga, læra meir, og yadayadayada.
Eg vil avlutta denne no, så det får vera som det er for no, men eg vil prokrastinera mindre.
1: kven sa at regelen om at ein ikkje skal gjentaka ord i ei setning var ein kul regel? 2: ikkje av influensartypen, eg vil ikkje spreia sosial influensa.