Personleg Historie
Eg les no til ALLV114 (moderne litteraturteori), og leste litt om den historisk-biografiske metoden. Greit nok, den er stort sett ikkje i bruk lengre, men den får meg til å tenkja litt. For å skriva kort kva den er, i tidlegare litteraturteori tenkte ein at ein skulle hovudsakleg fokusera på historia til forfattaren, og ikkje teksten sjølv, for å forstå teksten. Når ein leser eit dikt, så skal ein (i denne metoden) sjå til konteksten til forfattaren, både materialistisk og i den individuelle utviklinga.
Sjølv om det kanskje er noko i å undersøkja den materielle verda,¹ så er det mildt sagt problematisk å ikkje taka teksta for seg sjølv. Det er til punktet at eg lurer på om eg misforstår noko her, men det har eg moglegheit til å få undersøkt på onsdag når eg har fyrste førelesing. Likevel, eg kjem tilbake til den egoistiske tankegangen; korleis vil dette seia noko om meg sjølv?
Det er jo ikkje slik at eg ikkje har skriven om det personlege i denne bloggen, eller som at historia mi ikkje har forma kva som eg har endt opp med å gjera. Dette er ikkje staden kor eg vil kasta ut alle mine 21 år i barnevernet, men likevel så har eg no i det siste fått tatt ein titt i mine eigne barnevernsjournalar, og skal gå skikkeleg gjennom dei saman med nokon snart.
Når eg ser der, og alt som har skjedd, så er det mykje som har skjedd. Men, likevel, i den impliserte negerte høgrekonjunkten som eit «men» uttrykkjer i det norske språket, så føler eg meg tomt til det. Ein skulle tru at det er nokon årsakssamanhengar der, og føler på eit hav av deterministiske kjensler om at «sånn burde eg føla fordi eg har vore gjennom x eller y», men dei kjenslene er ikkje der. Gjennom 3 fosterfamiliar, og ikkje dei beste oppvekstskåra, tydar det som at det burde vera noko særleg galt med meg, men eg følar meg normal. Eg føler ikkje særleg at mine filosofiske eller nerdete interesser stammar frå der i nokon stor grad.
Men, dersom ein hadde gått gjennom ein historisk-biografisk analyse av kva eg har skrive her, i kor stor grad må ein tvinga meg inn i visse tolkingar? I kor stor grad vil slike metodar tvinga seg inn i staden for å hjelpa for forståing? Det er berre nokre undringar.
1: som historisk materialisme, sjølv om eg er skeptisk til den