Saphire's ramblings

In Memoriam Sharidyn

For 15 år sidan var Sharidyn Svebakk-Bøhn 14 år gamal. Eg kjende ho ikkje, det gjorde mest sannsynlegsvis ikkje du heller. Kva hadde verda vore om Sharidyn hadde vore her no?

Kontrafakta kan ein ikkje stadfesta med sikkerheit, men i usikkerheita er det ei skapande makt me alle har. Kvar gong me vel å pusta, har me vald det gjennom kroppen. Å blinka, eller å seia hei til ein framand på gata, eller å bli med i eit politisk parti. Om Sharidyn hadde vore i live, hadde ho vore ein skapar lik som andre. I kraft av det verande vesenet hennar, i det engasjementet som foreldra hennar sa at ho hadde, trur eg at verda hadde vore annleis.

Gjennom dei siste 15 åra, kva hadde ho skapt? Kva potensial hadde ho for verda? Verdsendring eller nabolagsendring? Vakkert eller stygt? Godt eller vondt? I den diskusjonen rådar usikkerheita. Om åra hadde fått gått til sin naturlege konklusjon, kunne me ha undra oss over skapingane hennar. Kva effekt ville handlingane hennar ha hatt på verkelegheita? Men me kan ikkje ha slike diskusjonar.

Øydelagd i setninga «ho blei berre 14 år gamal»