Fenomenet
Denne vert litt meir teknisk Leslie, så berre sei frå dersom du lurer på noko her (eg er ikkje sikker på om eg har skriven så bra, samt så er eg litt usikker med nokon av punkta som er her)
Når det kjem til realisme VS idealisme, så er standpunktet mitt at det er fleire ting som motiverer meg til å seia ja til realisme, men eg klarar ikkje å argumentera mot idealismen. Når eg seier realisme og idealisme her, så meiner eg ikkje i den politiske tydinga, men i den metafysiske tydinga. Altså, i spørsmålet om ei fysisk verd eksisterer utanfor mitt «eg»-perspektiv, eller om verda eksisterer som ein eller annen form for ulike idéar som står i ulike typar relasjonar til kvarandre.
Skeptisismen til Descartes, om ein ikkje tyr til gud, er altøydeleggjande. Det faktum at at hallusinasjonar og andre slike problem (kva om ein djevel forførar deg til å tru at 2+2=4?) eksisterer, gjev opphav til å ignorera tanken om den fysiske verda i analysen sin, altså fokusera analysen sin på den fenomenale verda (slik ting visar seg til bevisstheita) og ignorera den noumenale verda (tingen-i-seg-sjølv, det som ligg bak fenomenet, den Kantiantiske terminologien).
For den bastante sikkerheita som visse tradisjonar i filosofien prøvar å streva etter gjer det umogleg å akseptera usikkerheita som kjem med 2+2=4, så forkastinga av 2+2=4 som eit realistisk faktum vert gjort. I staden for, vert 2+2=4 relegert til relasjonar i idéar, relegert til paradigmesystem der spørsmålet om den noumenale verda eksisterer vert usvart (og difor svart nei til).
Eg les no Schopenhauer, som verkar som eit slikt idealistisk system. Eg har ikkje kome langt i boka eg les, men av det eg har lest tydar det til at årsak, tid, og rom vert dei relasjonane som vert lysa fram av han som dei relasjonane i det idealistiske systemet hans, der årsak er det sentrale. Årsak eller kausalitet, er at «noko» «skjer» som ein følgje av «noko anna». Slike «noko» kan berre skje i konteksten av rom, men rom kan berre eksistera som følgje av tid. Både tid og rom kan ikkje eksistera som årsak. I dette systemet, så er det årsak som er høgast. Dette årsakssytemet produserer «forestillingar» som presenterer seg sjølv til eit subjekt, eller til det som det fenomenale visar seg til.
Ein ting som eg ikkje har kome til i lesinga mi, og som eigentleg er motivasjonen til kvifor eg les Schopenhauer, er til kva grad eit subjekt kan påverka fenomena. Dersom alt er «forestillingar» som visar seg til subjektet, vil eg gjetta at svaret er nei, men Schopenhauer er veldig kjent for å snakka om «livsvilje». Denne vilja (som han tydlegvis talar negativt om) driv levekraft i verda, altså at det er ei irrasjonell drivekraft. Kva nøyaktig han seier må eg gå litt nærare i.
Men dersom ein går litt vekk frå dette, vekk frå sikkerheita, vekk frå å prøva å forklara det grunnleggjande metafysiske fyrsteprinsippet til verda, ser det ut til at «eg» har ei vilje til å gjera ting. Eg har ei vilje som kan puste, som kan sjå ein stad, som kan røra på handa mi. Eg kan vilja så mykje, men eg møter på ei verd som legg grenser. Kroppen er det fyrste fenomenet som legg grenser, «eg» kan berre pusta inn såpass mykje før kroppen seier stopp til vilja om tvingar fram ei grense, «eg» kan arbeida så hardt som mogleg for å få ein levedyktig standard til husleiga tvingar fram ei grense, «eg» kan ynskja og vilja å bøya ein jernstong så mykje som eg vil utan å kunna klara å gjera det.
Vekk frå fundamentet, ser det tilsynelatande ut som eit faktum av jordsleg eksistens er å bli gjeven grenser til åtferda si. Ei vilje mot noko «anna», ei makt som avgrensar her, og lar ting vera opent der. Kapitalen er ei slik makt, ei makt som gjennom undertrykking gjev meg grenser eg ikkje makter å kryssa.
Litt forhasta på slutten, men poenget eg skulle koma til var at