Cigaretten ny versjon
Eg skreiv cigaretten i 2024 eller 2023 trur eg. Eg sendte den versjonen inn til Replikk og fekk avslag (for god grunn). No har eg skrive den om til norsk. Håper at du liker denne.
CIGARETTEN
Knut-Johan Farestveit
Der satt eg. Minnane flyt tilbake til meg, eg vert framleis overraska av kor mykje ein faktisk kan hugsa. Altså, herifrå er det ikkje noko fjell eller fjordar eller kva enn romantisk drit eg vakste opp med som barn å sjå. Bygdelivet altså… Uansett så er det ikkje dét eg ser her. Kaféar er det vanskeleg å ikkje gjera hyggelege, men dei har jo ordna det slikt at den einaste utsikta ein kan sjå frå her er parkeringsplassen og kjøpesenteret. Det er ikkje akkurat Wien, men det lyt seiastat sukkerbolle og mjølkekaffi smakar godt uansett kva for slags kloakk ein stirrar på. Det minnar meg – der borte, på den stolen. Der satt ho. Mora mi. For å vera ærleg må eg innrømma at eg har aldri likt korleis ho klagar, klemmar, ler, eller røykjer.
«Mammaaaaaa, du veeeet du isssjjje burde røykæææ, saaant?» hugsar eg at eg sa til ho på kjøkkenbordet i Fjonstveit. «En vakker dag», ho stogga eit augneblikk for ho fortsette med eit lite – men varmt – blikk «skal eg slutte. En vakker dag». Farmor tykte at ho burde koma med nokre ord og sa «Neei, eg vett no at du meiner bra med da du seie, men du vett no me gjer no som me vil, me. Me veit no godt at da ikkje e da besta, men me held no på, me. Du sjønne, du e eit lita badn vett du, du hakkje noko du ska seia. Da e no fint at du bryr deg om oss, men du må skjønna at me like no den røykjen, me." Det ser ut som at besse er einig med ho. Eller, satt han ikkje og hosta litt? Ja, eg får leggja det til. Han hosta litt, men elles sa han ikkje så mykje.
Der satt eg. Eg ser ut på parkeringsplassen, eine karen såg ut som at han ikkje kunne parkera skikkeleg. Han skrapa nesten lakken på mazdaen. Jævla [---]! I framtida må eg nok parkera han ein tryggare stad. «Fastelavensbolle med ekstra krem?» sa servitøren, no kvikka eg opp. Favoritten min! Eg har litt av eit kjærleiksstikk på ho, ho verkar så kul. Ho har svart hår, nasepiercing, ein interessant historie om kvifor ho valde å… og den vakkraste kroppen som ein kan tenkja seg. Ein vakker dag så skal eg spørja ho på date. Eg hugsar at eg såg ho for fyrste gongen. Det var ikkje her men ein annan stad. Kor? Eg veit ikkje heilt, berre ikkje her. Uansett så såg eg at ho røykte, og eg likte ikkje det. Eg har sett røyk drepa folk – som besse til dømes. Det kjennest nesten skitent, ho er så vakker og kul men ho røykjer så det lyt vera noko gale med ho. No som eg tenkjer på besse, det er ein stund sidan eg har ete fastelavensbolle. Sist gong var i graferda hans trur eg. Eg skulle ynskja at eg kunne seia at det var ein hyggeleg affære men det var det verkeleg ikkje. Eg er i denne gravferda, ja?, Eg sit her i kyrkja, og dersom eg kan syna deg der borte kan du sjå foreldra mine. Dei har på seg dongribukse og skitne arbeidsjakker og er høglytte. Alle andre har på seg svarte sørgeklede. Fyren framfor meg verkar hyggeleg nok; han har fem augo, ein munn på baksida avhovudet hans fylt med dyretenner. Eg har vorte fortald at han er ein god familiefar, så han er på godlista mi i alle fall. Eller, var det ikkje seks augo han hadde? Nei, eg bryr meg ikkje.
Der satt eg. Ute av stand til å korkje skrika eller tenkja. Eg ser meg sjølv. Er dette ekte? Kva er dette minnet? I det minnet, sit eg på kaféen ved parkeringsplassen med fastelavensbolle. Eg masar om ein eller annan bil sjølv om eg ikkje har lappen. Cecilie er der også men eg veit ikkje kvifor. Altså, eg trur det er ho, det er jo det svarte håret og Årdalsmålet hennar, men ho er i forvandling – flytande? Ikkje heilt ekte. Er det ein gong megeg ser? Framfor meg er det ei pakke med cigarrettar. Ho er opna. Kvifor er ho der? Eg hatar cigarettar, så kvifor har eg dei? Kvifor har det meg-et dei? Eg vil skrika, eg vil tenkja, eg vil vera. Eg vil åtvara han. Ikkje gjer det du, tenk deg om før du
Eg sit her, altså, og det er heilt greit. Det er ikkje akkurat Wien, men sukkerboller og mjølkekaffi er godt nesten uansett kva. Fyrste gongen eg røytke var eg kanskje rundt seks år gamal. Eg sa til min Far at han ikkje burde røykja. Som tilsvar gav Han meg – ein seksåring – ein cigarett. Han bad meg om å prøva røyken. Den smaka forferdeleg. Uansett, eg har lyst å koma tilbake til det. Så eg pusta inn cigaretten.