130526
Akkurat no leser eg simulasjon og simulakra av Baudrillard (ei god bok som eg kan anbefala å lesa Leslie), men eg er litt usikker om eg faktisk er einig i at konseptet simulasjon kan universialiserast på måten Baudrillard ynskjer.
Kortfatta, Baudrillard synst at ein aukande grad av simulasjon i samfunnet gjer at ein mister synet på kva som er ekte (realitet), og kva som er simulasjon av noko ekte (simulakra). Eit simulakra som ein har mista oversikt over om det er ekte eller ei vil Baudrillard beskriva som noko "hyperreelt".
Ta ein song som Avril 14th (Aphex Twins kan anbefalast), der høyrer du ein piano som speler. Om du går på TikTok eller ein eller annen form for innhaldsrullegardin som TikTok, kan ein støta inn i innhald som bruker Avril 14th som bakgrunnssong. Ofte, for å indikera noko "autentisk". Om du såg det nest siste blogginnlegget mitt, er det snakk om slike tilfeller her. Det som er ironisk her, og kvifor Avril 14th er relevant å snakka om i denne konteksten, er fordi den songen mest sannsynlegvis blei laga med hjelp av ein Disklavier.¹
Ein disklavier simulerer noko ekte, nemleg ein pianoutøvelse av eit menneske, berre utan mennesket. Videoane som bruker songen for å utøva noko ekte, noko menneskeleg, havnar i fangen av å veksla noko reelt med noko hyperreelt (Avril 14th). Avril 14th er ekte fordi i teiknsystemet så vert Avril 14th opfatta med same teikn som noko ekte.
Eg kjøper ikkje denne logikken, nemleg fordi eg er ikkje ein fan av denne tanken om det er noko "ekte" der ute. I eksempelet eg kom med, kvifor er det antatt at noko menneskelaga er automatisk ureelt? Og kvifor er det slik at Avril 14th, med midi laga av eit menneske for den slags skuld, ikkje er ekte? I konteksten av albumet som det er i, er Avril 14th eit sterkt treng pust inn og ut etter det cyberpønkiske helvete som Cock/ver10 har malt, og den anpustne og frustrerte melankolien til Mt Saint Michel + Saint Michaels Mount (alle tre songane kan eg anbefala å høyra på i rekkefølgja som er referert til her).
Sjølv om det er vanskelegare å forstå, så trur eg det er noko meir attraktivt i posisjonen som nokon som Deleuze fremjar, der alt som kan beskrivast som repitisjon har ein form for differanse i seg, og alt som har ein form for differanse i seg har eit element av repitisjon. Avril 14th er ikkje ein simulering av nokon som speler piano, det er ein repitisjon av pianospeling med nyskapne differanser som i dette tilfellet er den Deklavierkse spelinga av midinotar. Som anarkist, er det å erkjenna den positive skapinga som høgste verdi noko som eg vil kjempa for, noko som eg trur posisjonen til Deleuze gjer betre.
1: en.wikipedia.org/wiki/Avril_14th